Hopp til innhold
X
Innhald

Otolitt

Otolittar, eller øyresteinar, fungerer som høyrsels- og balanseorgan hos fiskar.

Tre par slike otolittar ligg på undersida av bakre del av hjernen. Det er særleg eitt av otolittpara, sagitta, som blir nytta til aldersfastsetjing. I motsetnad til skjel, veks otolitten sjølv om fisken stoppar å vekse. Det gjer at otolittar er langt sikrare å bruke til aldersfastsetjing av fisk. Strukturen i sommardelen og vinterdelen av otolitten er ikkje den same, med eit høgare innhald av karbon i vinterdelen. Dermed kjem det fram tydelege årssoner, som blir ekstra tydelege etter deling og brenning av otolitten.

Først publisert: 18.10.2012
Sist oppdatert: 03.04.2017