Hopp til innhold
X
Innhald

Pukkellaks

Pukkellaks, Oncorhynchus gorbuscha, er ein stillehavslaks som har fått namnet sitt fordi hannane utviklar ein pukkel på framryggen i gytetida.

Russarane sette ut pukkellaks i mange vassdrag på Kolahalvøya i 1950- og 60-åra, og denne laksen har spreidd seg vestover til Noreg. Arten vandra opp i mange norske elvar, spesielt i Finnmark, og i dette fylket er det òg påvist gyting i fleire elvar.

Teikning av pukkellaks, Oncorhynchus gorbuscha. Foto: NYS Department of Environmental Conservation, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Teikning av pukkellaks, Oncorhynchus gorbuscha. Foto: NYS Department of Environmental Conservation, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Først publisert: 18.10.2012
Sist oppdatert: 03.04.2017