Hopp til innhold
X
Innhald

Regnbogeaure

Regnbogeaure, Oncorhynchus mykiss, er ein nordamerikansk laksefisk og høyrer til den same slekta som stillehavslaksane.

Regnbogeaure blei i ein periode sett ut i stor stil her i landet, men han greidde stort sett ikkje å etablere bestandar. I dag finst det berre eit fåtal ville bestandar i norske vassdrag. I Danmark har det vore mykje oppdrett av regnbogeaure i dammar, medan han blir oppalt i merdar langs kysten i Noreg, på same måten som atlantisk laks. I 2013 låg den norske produksjonen på litt over 70 000 tonn.

Først publisert: 18.10.2012
Sist oppdatert: 03.04.2017