Regnlaue
Regnlaue, Leucaspius delineatus, er ein liten karpefisk.
Regnlaue, Leucaspius delineatus, er ein liten karpefisk med vid utbreiing i Nord-Europa og austover til Kaspihavet, men høyrer opphavleg ikkje til den norske fiskefaunaen. I Noreg er regnlaue berre funne i eit vatn i nærleiken av Arendal. Mest sannsynleg er denne fisken sett ut av nokon som har hatt han med seg som agnfisk frå kontinentet.
Sist oppdatert: 03.04.2017