Hopp til innhold
X
Innhald

Reliktlaks

Reliktlaks blir gjerne nytta som nemning på ferskvasstasjonære bestandar av atlantisk laks, Salmo salar.

Det er vanleg at laksehannar blir kjønnsmodne utan å ha vore i saltvatn, men desse småhannane på under 20 cm er med under gytinga til store hoer og kan befrukte rogn frå hofisk som kan vege fleire hundre gonger meir enn desse hannane. Hoene, derimot, blir svært sjeldan kjønnsmodne utan å ha vandra til saltvatn først. I ein del vassdrag både i Nord-Amerika og Europa har atlantisk laks forma reine ferskvassbestandar, der både hannar og hoer blir kjønnsmodne utan å ha vore i saltvatn. Felles for alle desse bestandane er at dei må vere såkalla relikt av bestandar som tidlegare kunne vandre frå havet og opp til dei lokalitetane der vi no finn dei, fordi havnivået stod langt høgare i ein tidleg fase etter istida. Då landet steig, blei det samstundes danna fossar som utgjorde vandringshindringar.

I Noreg er byglandsbleka i Otravassdraget og småblanken ovanfor Fiskumfossen i Namsen representantar for slik reliktlaks. Vänernlaksen i Sverige og laksen i Saimen i Finland er andre ferskvasstasjonære bestandar.

Først publisert: 27.03.2017
Sist oppdatert: 27.03.2017