Hopp til innhold
X
Innhald

Røye

Røye, eller røyr, Salvelinus alpinus, høyrer til laksefamilien.

I Noreg finst både ferskvassrøye og den anadrome forma, sjørøye. Sjørøye, som finst frå Nord-Trøndelag og nordover, vandrar mellom ferskvatn og havet. Sjørøye finst i eit titals vassdrag på Svalbard, der vekter på fem kilo ikkje er uvanleg. Denne sjørøya er blitt kalla spitsbergenlaks. Både ferskvasstasjonær røye og sjørøye er òg vanlege på Grønland, der sjørøya blir kalla grønlandslaks. 

Røye kan kome opp i vekter på over 10 kg og bli minst 35 år gamal. I Randsfjorden kan røya kome opp i ei slik vekt. Her er røya ein stor fiskeetar, med mellom anna åbor, krøkle og trepigga stingsild på menyen, noko som fører til at kvikksølvkonsentrasjonen i desse røyene kan bli svært høg.

Stor hannrøye som har blitt fanga og skal sleppast ut igjen. Foto: Nils Rinaldi, Flickr.com CC BY 2.0.

Stor hannrøye som har blitt fanga og skal sleppast ut igjen. Foto: Nils Rinaldi, Flickr.com CC BY 2.0.

Først publisert: 18.10.2012
Sist oppdatert: 03.04.2017