Hopp til innhold
X
Innhald

Rundmunnar

Rundmunnar, Cyclostomata, er primitive virveldyr.

Dei liknar på fiskar og pustar med gjeller. Dei manglar ekte kjevar og para lemer. Dei nolevande rundmunnane, som er dei einaste attlevande representantane for urfisk, vert inndelte i ordenane niauge og slimålar.

Niauge. Foto: Fernande Coello Vicente, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Niauge. Foto: Fernande Coello Vicente, Flickr.com CC BY-NC 2.0.



 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.10.2012
Sist oppdatert: 04.01.2017