Hopp til innhold
 Foto: Hans Hillewaert, flickr.com
Foto: Hans Hillewaert, flickr.com
X
Innhald

Sandflyndre

Sandflyndre, Limanda limanda, er ein flyndrefisk som er vanleg langs heile norskekysten. Ho kan verte 40 cm lang. Sandflyndre kan forvekslast med raudspette, men ho kan kjennast ved at sidelinja går i ein tydeleg halvsirkel over brystfinnen. Sandflyndre er velsmakande.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.10.2012
Sist oppdatert: 18.10.2012