Hopp til innhold
X
Innhald

Sandkrypar

Sandkrypar, Gobio gobio, er ein liten karpefisk. 

Sandkrypar, Gobio gobio, er ein liten karpefisk som første gongen blei påvist i Noreg i 1991, i Numedalslågen. Seinare er han òg funnen i Nesheimvatnet på Lista. I begge lokalitetane er sandkryparen mest sannsynleg sett ut av sportsfiskarar frå kontinentet, som kan ha brukt han som agnfisk.

Først publisert: 03.04.2017
Sist oppdatert: 03.04.2017