Hopp til innhold
 Sardin. Foto: go.fishing.at.dawn, flickr.com
Sardin. Foto: go.fishing.at.dawn, flickr.com
X
Innhald

Sardin

Sardin, Sardina pilchardus, er ein sildefisk som kan verte opptil 25 cm lang. Han finst i Middelhavet og ved vestkysten av Sør-Europa nordover til Vestlandet. Det vert fiska store mengder sardinar. Sild og brisling høyrer til slekta Clupea, men vert ofte selde hermetisk som sardin.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.10.2012
Sist oppdatert: 18.10.2012