Hopp til innhold
X
Innhald

Sikslekta

Sikslekta, Coregonus, høyrer til laksefamilien.

Slekta omfattar både anadrome artar og reine ferskvassartar og finst i Nord-Europa, gjennom heile Sibir og i Nord-Amerika. 

I Noreg har vi to artar i denne slekta, sik, Coregonus lavaretus, og lagesild, Coregonus albula. Sik høyrer til innvandringsgruppa Femund/Finnmark-fiskane, og arten finst naturleg først og fremst i vassdrag i Hedmark, Akershus og Østfold, og i nedre delar av Oppland, Buskerud og Telemark, men òg i somme vatn i Trøndelag, Nordland og Troms, og har dessutan stor utbreiing i Finnmark, sslektaærleg på Finnmarksvidda. Det er sett ut sik fleire stader, til dømes i øvre delar av Hallingdalsvassdraget, i Nisser og Fyresdal og til og med i eit vatn på Stord i Hordaland.

I same innsjøen kan det vere fleire former av sik. Randsfjorden er ein av dei mest kjende lokalitetane der det er fleire slike former, som kvar utnyttar ulike næringsressursar i vatnet, frå dyreplankton til botndyr. Dessutan gyter dei på ulike stader og til ulike tidspunkt utover hausten og vinteren. I somme vassdrag, til dømes i Berbyelva inst i Iddefjorden, i Drammenselva og i Neiden i Finnmark, vandrar sik ut i brakkvatn om sommaren. Sik er òg vanleg i Austersjøen, særleg i Bottenvika. 

I fleire innsjøar i Noreg er det eit omfattande fiske etter sik. Døme på slike sjøar i dag er Femunden, Sølensjøen og Sperillen. Mykje av siken blir varmrøykt, og det er ei delikatesse.

Først publisert: 18.10.2012
Sist oppdatert: 03.04.2017