Hopp til innhold
X
Innhald

Sild

Sild, Clupea harengus, høyrer til ordenen sildefiskar, som omfattar om lag 300 artar med mange underartar. Silda er ein sølvaktig beinfisk som et plankton. Ho opptrer i stimar i dei nordlege delane av Atlanterhavet og Stillehavet. Den norske silda, storsilda, gyt om vinteren. Ho kan verte over 40 cm lang og 25 år gammal.Etter at silda har gote, vert ho kalla vårsild. Årsyngelen av silda vert kalla mussa. I oppvekstområdet, Barentshavet, held feitsilda til.
 
Silda har stor næringsverdi og vert mellom anna konservert frosen eller salta. Ho vert fanga med trål og drivgarn på 20—500 m djup. Overfiske førte til kvoteregulert fangst sidan midten av 1960-åra. I 1970 var praktisk talt heile gytebestanden borte. Han har seinare teke seg opp og var i 1992 på om lag 2 millionar tonn. Sild vert eksportert vesentleg til Europa og Japan.
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.10.2012
Sist oppdatert: 18.10.2012