Hopp til innhold

 Piggskata finst i norske farvatn. Foto: Joachim S. Müller, flickr.com
Piggskata finst i norske farvatn. Foto: Joachim S. Müller, flickr.com
X
Innhald

Skater

Skater eller rokker, Rajiformes—Hypotremata, er ein orden av 424 bruskfiskar som lever på botnen. Kroppen er flattrykt og skiveforma. I huda har dei hudtenner og piggar, hos nokre med giftkjertlar. Nokre skater har eit elektrisk organ mellom hovudet og brystfinnen. I norske farvatn lever 12 artar, mellom anna den spissnuta storskata og den buttsnuta rundskata, piggskata og kloskata.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.10.2012
Sist oppdatert: 22.10.2012