Hopp til innhold
X
Innhald

Smolt

Smolt er ungar av anadrome laksefiskar som er fysiologisk tilpassa eit liv i saltvatn, og som er klare til å vandre frå ferskvatn til havet.

Samstundes endrar drakta seg ved at fingermerka, eller parrmerka, på sidene av kroppen blir borte, og fisken får ei sølvblank drakt. Temperatur og vassføring er viktige faktorar som verkar inn på når vandringa skal starte. I vassdrag i Sør-Noreg kan utvandringa gjerne vere frå april, medan ho i nordlege vassdrag først kan starte langt ut i juni og vare til ut i juli. 

God vekst i ungfiskstadiet ser ut til å gi yngre smolt. I somme sørlege elvar kan smolten vere 1–2 år gamal, men alderen aukar stort sett mot nord, og i nordnorske elvar kan smoltalderen vere heilt opp i 6–7 år. På Nordaustlandet på Svalbard kan sjørøyesmolten vere 10–12 år gammal. Smolten vandrar gjerne ut i stimar. Laksesmolt har vanlegvis ei lengd på 12–18 cm, medan til dømes sjøaureungar i ein del sørlege småvassdrag i Noreg kan bli smolt frå dei er rundt 8 cm. 

Smolt av sjørøye er gjerne noko større enn laks- og sjøauresmolten.

Først publisert: 22.10.2012
Sist oppdatert: 03.04.2017