Hopp til innhold
X
Innhald

Sørv

Sørv, Scardinius erythrophthalmus, er ein karpefisk som høyrer til den siste gruppa av ferskvassfisk som vandra inn til landet etter istida.

Sørven har ei avgrensa utbreiing i Østfold og Akershus, med nokre bestandar vestover til Telemark. I dei seinare åra er sørv etablert i ei rekkje nye lokalitetar etter utsetjingar. 

Sørv er svært lik mort, men skil seg frå denne arten ved at bukfinnane er festa godt framom ryggfinnen, og han har dessutan gjerne ei høgare kroppsform. I Noreg blir sørv som regel ikkje over 600 gram.

Først publisert: 22.10.2012
Sist oppdatert: 03.04.2017