Hopp til innhold
X
Innhald

Stam

Stam, Leuciscus cephalus, er ein ferskvassfisk.

Stam, Leuciscus cephalus, høyrer til den siste innvandringsgruppa av ferskvassfisk til Noreg etter istida og finst i Glåmavassdraget opp til Øyeren, i Drammenselva opp til Hellefoss og i nedre delar av Lierelva og Tista. 

Denne karpefisken kan forvekslast med vederbuk, gullbust og mort, men kan skiljast frå desse på gattfinnen, som har ein konvekst avrunda ytterkant. 

Stam kan bli opptil 80 cm lang, og frå Russland skal det vere registrert stam med ei vekt heilt opp til over 8 kg. Den norske sportsfiskerekorden skal vere om lag 3,4 kg. Stam har ei vid utbreiing i Europa, og han finst langt austover i Asia.

Først publisert: 22.10.2012
Sist oppdatert: 03.04.2017