Hopp til innhold
 Steinbit. Foto: Eirik Mikkelsen, flickr.com
Steinbit. Foto: Eirik Mikkelsen, flickr.com
X
Innhald

Steinbit

Steinbit, Anarhichadidae, er ein familie av piggfinnefiskar. Han har breitt, avrunda hovud, stor munn, kraftige tenner og tjukk hud. Det finst tre artar i norske farvatn.
 
Gråsteinbit, Anarhichas lupus, med lengd opptil 125 cm og vekt opptil 25 kg, finst langs heile kysten. Både flekksteinbit, Anarhichas minor, og blåsteinbit, Anarhichas denticulatus, er meir vanlege nordpå. Flekksteinbit kan verte 180 cm lang, medan blåsteinbit kan verte opptil 140 cm. Grå- og flekksteinbit er gode matfiskar, dei vert kalla "kotelettfisk".

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.10.2012
Sist oppdatert: 22.10.2012