Hopp til innhold
 Nipigga stingsild. Foto: Codu Hough, flickr.com
Nipigga stingsild. Foto: Codu Hough, flickr.com
X
Innhald

Stingsild

Stingsild, eller stiklingar, Gasterosteidae, er ein familie av stiklingfiskar.

Dei har ikkje skjel, men har ofte beinplater i huda. Hannen syter for å pleie yngelen. I ferskvatn og brakkvatn lever trepigga stingsild, Gasterosteus aculeatus, som har 2–5 frie piggar framfor ryggfinnen, medan nipigga stingsild, Pungitius pungitius, har 8–11 frie ryggpiggar og manglar beinplater på kroppssidene. I strandsona i havet lever tangstikling, Spinachia spinachia.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.10.2012
Sist oppdatert: 03.04.2017