Hopp til innhold
X
Innhald

Stør

Størar, Acipenseriformes, er ein orden av fiskar med skjelett av brusk og med beinplater i huda. Nokre av artane er anadrome, medan andre lever heile livet i ferskvatn.

Det finst i alt om lag 25 størartar. Alminneleg stør, Acipenser sturio, finst ved kystane av Nord-Europa, av og til også hos oss. Sterlett, Acipenser ruthenus, finst i elvane som munnar ut i Svartehavet og Kaspihavet. Belugastør, eller husblasstør, Huso huso, finst i Svartehavet, Kaspihavet og i elvar som renn ut i dei.

Rogna av størartane blir brukt til å lage kaviar, og dei største produsentane er Russland og Iran.

Spadestør blir rekna til ein eigen familie. Dei lever i Chang Jiang i Kina og i Mississippi i USA.

Først publisert: 22.10.2012
Sist oppdatert: 27.03.2017