Hopp til innhold

 Foto: Northeast Fisheries Science Centre
Foto: Northeast Fisheries Science Centre
X
Innhald

Strømming

Strømming er det svenske namnet på sild, Clupea harengus, som blir fanga i Austersjøen nord for Kristianopel i nordaustre Blekinge.

Regelen er at di lågare saltinnhaldet er, di mindre blir storleiken på silda, og strømming er ei lita sild. 

Surstrømming er strømming som er salta og så har gjennomgått ein fermenteringsprosess, det vil seie ein konserveringsmetode som kan samanliknast med vår rakfisk. Surstrømming smakar som regel langt betre enn han luktar. Strømming kan innehalde mykje miljøgifter, mellom anna PCB og dioksin, og det svenske Livsmeldelverket skriv på nettsida si at born, kvinner i barnefødande alder, gravide og ammande kvinner ikkje bør ete strømming oftare enn nokre få gonger i året.

Først publisert: 22.10.2012
Sist oppdatert: 03.04.2017