Hopp til innhold
X
Innhald

Suter

Suter, Tinca tinca, er ein karpefisk som er innført til i Noreg, første gongen for over 150 år sidan.

Arten har ei vid utbreiing i Europa, og mot aust finn vi han til Kaspihavet og Jenisej. I Noreg blir suter neppe over eitt kilo, men han skal kunne bli langt større enn dette. Suter er nytta i dambruk i Mellom-Europa. Opphavleg hadde han etablert nokre få bestandar i Sør-Noreg, men i dei seinare åra er han blitt mykje spreidd ved utsetjingar. Årungen i Akershus er ein slik lokalitet, og der blei det for nokre år sidan teke ein god del suter, med vekter opp til nærmare eitt kilo.

Først publisert: 03.04.2017
Sist oppdatert: 03.04.2017