Hopp til innhold
 Hestemakrell. Foto: Richard Ling, flickr.com
Hestemakrell. Foto: Richard Ling, flickr.com
X
Innhald

Taggmakrellar

Taggmakrellar eller hestemakrellar, Carangidae, er ein familie av piggfinnefiskar som liknar på makrell. Dei er viktige matfiskar. I norske farvatn finn vi tagg- eller hestemakrell, Trachurus trachurus. Han er utbreidd i Atlanterhavet og Nordsjøen. Han kan verte opptil 60 cm lang og vege 1,5 kg. Losfisk, Naucrates ductor, er teken utanfor Vestlandet. Gaffelmakrell, Trachinotus ovatus, er ein sjeldan gjest langs kysten.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.10.2012
Sist oppdatert: 22.10.2012