Hopp til innhold
X
Innhald

Torsk

Torsken kan verte vel 1,5 m lang, vege vel 50 kg og verte om lag 40 år gammal. Skrei er namnet på kjønsmogen torsk, og er ofte nytta om den torskestammen som kjem til norskekysten for å gyte.

Torsk, Gadus morhua, er ein viktig matfisk. Torsken har karakteristisk skjeggtråd, tre ryggfinnar og to gattfinnar. Han kan verte vel 1,5 m lang, vege vel 50 kg og verte om lag 40 år gammal.

Foto: Joachim S. Müller, CC BY 2.0

Foto: Joachim S. Müller, Flickr.com CC BY-NC-SA 2.0.

Torsken lever av annan fisk, muslingar, krepsdyr og så vidare. Han lever vesentleg i det nordlege Atlanterhavet, men han finst også i Austersjøen. Fargen varierer etter botnforholda, slik at taretorsk er raudaktig, men mørkflekkete ved leirbotn.

Sjå video frå NRK Skole Fra fiskebaby til torsk:
Den havlevande torsken gjer lange gytevandringar, medan kysttorsken er stasjonær. Torsk vert delt i stammar, der den norskarktiske torsken er den viktigaste.

Torsk er ein viktig matfisk og det finst eigne oppdrettsanlegg for torsk. Torsk er ei viktig eksportvare for Noreg. I 2015 eksportrerte Noreg torsk, hyse og sei for tretten milliardar kroner.

Kjelde:

Nikolaisen, Tord: Rekordeksport av torsk i 2015
http://www.lofotposten.no/blakveite/fisk/fiskeri/rekordeksport-av-torsk-i-2015/s/5-29-158742

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.10.2012
Sist oppdatert: 23.02.2017