Hopp til innhold

 Vanleg ulke. Foto: Asbjørn Hansen, flickr.com
Vanleg ulke. Foto: Asbjørn Hansen, flickr.com
X
Innhald

Ulker

Ulker, Cottidae, er ein familie innanfor ulkefiskane, med breitt, flattrykt hovud.

Det er om lag 300 artar i denne familien, men i norske farvatn og ferskvatn finst det berre 11 artar. 

Vanleg ulke, Myoxocephalus scorpius, finst langs heile kysten, der ho kan bli opptil 60 cm lang og vege over 1 kg. 

I ferskvatn i Noreg har vi tre ulkeartar: steinsmett, Cottus poecilopus, kvitfinna ferskvassulke, Cottus gobio, og hornulke, Myoxocephalus quadricornis. Steinsmett og kvitfinna ferskvassulke kan lett forvekslast. Kvitfinna ferskvassulke er påvist i Store Le og i Tistavassdraget i Østfold. Ho er sett ut i Tanavassdraget, og ho skal òg vere påvist i Lierne i Nord-Trøndelag. Hornulka, som i Noreg første gongen blei funnen på djupt vatn i Mjøsa i 1978, blir rekna som ein relikt frå istida.

Først publisert: 23.10.2012
Sist oppdatert: 03.04.2017