Hopp til innhold
X
Innhald

Urfiskar

Urfiskar er to grupper av kjevelause virveldyr som levde i midten av jorda si oldtid for 500—400 millionar år sidan. Dei fleste levde i fersk- eller brakkvatn. Det er gjort fossilfunn av urfiskar mellom anna på Ringerike og Svalbard. Nolevande slektningar av urfiskar er kjevelause fiskar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.10.2012
Sist oppdatert: 23.10.2012