Hopp til innhold
X
Innhald

Vederbuk

Vederbuk, Leuciscus idus, er ein innvandra karpefisk.

Vederbuk, Leuciscus idus, er ein karpefisk i innvandringsgruppa Mjøsa/Storsjø-fiskane og har dermed ei utbreiing i Noreg om lag som dei andre artane i denne gruppa, det vil seie i nedre delar av Glåmavassdraget opp til om lag Braskereidfoss, i Mjøsa og mellom anna i Drammenselva og i enkelte vatn i Vestfold. 

Vederbuken toler relativt høge saltkonsentrasjonar og går ofte ut i elvemunningar. Dette ser vi i Øraområdet ved utløpet av Glåma, der vederbuken kan ha ei næringsvandring om sommaren. 

Ein parkvariant av vederbuk er heilt gullfarga, og denne varianten er sett ut nokre stader, mellom anna i eit vatn i Øystese i Hardanger, der han har vore sidan 1914. 

Vederbuk er først og fremst ein vertebratetar, det vil seie at han lever av insekt, krepsdyr, sniglar og muslingar, men han kan òg ta fiskeyngel og dessutan gjerne plantar.

Først publisert: 03.04.2017
Sist oppdatert: 03.04.2017