Hopp til innhold
 Vandrealbatross. Foto: Tony Morris, flickr.com
Vandrealbatross. Foto: Tony Morris, flickr.com
X
Innhald

Albatross

Albatrossar, sjøfuglar som er kraftig bygde med lange og smale venger tilpassa glideflukt.
Albatrossar er 14 artar store sjøfuglar som utgjer familien Diomedeidae i ordenen stormfuglar. Dei er kraftig bygde og har svært lange og smale venger som er tilpassa glideflukt. Fjørdrakta er kvit eller brun, og nebbet har nasebor i korte og skilde tubar. Dei hekkar i koloniar på aude oseaniske øyar. Albatrossane legg berre eitt egg. Dei lever elles over ope hav og flyg enorme strekningar.
 
Vandrealbatross, Diomedea exulans, har eit vengespenn på opptil 3,5 m. Det er det største vengespennet av alle nolevande fuglar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.10.2012
Sist oppdatert: 29.10.2012