Hopp til innhold
 Lunde. Foto: Paul Casey, flickr.com
Lunde. Foto: Paul Casey, flickr.com
X
Innhald

Alkefuglar

Alkefuglar høyrer til familien Alcidae. Dei omfattar 21 nolevande artar av tettbygde sjøfuglar som finst i dei nordlege havområda. Fjørdrakta er vanlegvis svart og kvit. Dei er flinke dykkarar. Alkefuglane hekkar i enorme koloniar. Dei legg berre eitt egg, med unnatak av teist, som legg to. Fem artar alkefuglar hekkar i Noreg. Det er alke, lomvi, polarlomvi, teist og lunde. Om hausten og vinteren opptrer dessutan alkekonge langs kysten. Geirfuglen, som også var ein alkefugl, vart utrydda i 1844.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.10.2012
Sist oppdatert: 24.10.2012