Hopp til innhold
 Foto: Morteza Barhmani, flickr.com
Foto: Morteza Barhmani, flickr.com
X
Innhald

Due

Duer høyrer til familien Columbidae. Dei finst over heile jorda. Dei utgjer om lag 300 artar, av desse er 2 nyleg døydde ut. Duer er mellomstore, litt kraftige fuglar. Dei er raske og sterke flygarar. Duene lever stort sett i flokk, med unnatak av forplantningstida. Dei er for det meste trekkfuglar.
 
Tre ville artar hekkar i Noreg. Dei er ringdue, Columba palumbus, som hekkar opp til Nordland, særleg i barskog. Ein kan ofte sjå ho på åkrar og i parkar i byane. Vidare har vi skogdue, Columba oenas. Ho hekkar sparsamt på Austlandet, gjerne i lauvskog. Den tredje arten er tyrkardue, Streptopelia decaocto. Ho er standfugl og allment utbreidd. Arten har truleg spreidd seg ut over i Europa frå Tyrkia. Ho kom til Noreg om lag 1950. Slektningen turteldue, Streptopelia turtur, har namnet sitt etter dei kurrande lydane ho lagar. Ho lever rundt Middelhavet. Klippedue, Columba livia, hekkar i Skottland og middelhavslanda. Byduer er etterkommarar av klippeduer.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 26.10.2012