Hopp til innhold
 Jaktfalk. Foto: Omar Runolfsson, flickr.com
Jaktfalk. Foto: Omar Runolfsson, flickr.com
X
Innhald

Falk

Falkar, Falconidae, er ein familie av små til mellomstore rovfuglar. Hoa er større enn hannen. Det finst 61 artar spreidde over heile jorda. Dei har straumlinjeforma kropp med spisse venger. Dei er dyktige og raske flygarar og fangar stort sett byttet i lufta. Mange artar er truga på grunn av miljøforureining. Falkane byggjer ikkje reir, men nyttar ofte reir etter andre fuglar.
 
I Noreg finst det 5 artar av falkar. Dvergfalk, Falco columbarius, hekkar relativt vanleg over det meste av landet. Tårnfalk, Falco tinnunculus, finst spreidd og fåtalig. Jaktfalk, Falco rusticolus, finst fåtalig i fjelltraktene i Sør-Noreg. Vandrefalk, Falco peregrinus, finst i hovudsak langs kysten, og lerkefalk, Falco subbuteo, er ein sjeldan hekkefugl på Austlandet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.10.2012
Sist oppdatert: 26.10.2012