Hopp til innhold
 Fasan. Foto: Paul Fenton, flickr.com
Fasan. Foto: Paul Fenton, flickr.com
X
Innhald

Fasan

Fasan, Phasianus colchicus, er opphavleg ein asiatisk hønsefugl. Han vart innførd til Noreg første gong i 1875. Hannen kan verte 80 cm lang og er vesentleg større enn hoa, som kan verte 60 cm lang. Fasanen held seg stort sett på bakken. Han høyrer til familien fasanfuglar, som er den største familien av hønsefuglar med om lag 165 artar. Familien omfattar fasanar, påfuglar, rapphøns, vaktlar og høns.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.10.2012
Sist oppdatert: 26.10.2012