Hopp til innhold

 Fiskeørn. Foto: David Hoffman, flickr.com
Fiskeørn. Foto: David Hoffman, flickr.com
X
Innhald

Fiskeørn

Fiskeørn, Pandion haliaetus, er ein 53–61 cm stor rovfugl. Ho lever av fisk og hekkar nær vatn. Ho byggjer store kvistreir i toppen av tre. Fiskeørna er trekkfugl. Den norske bestanden har gått tilbake sidan 1970, og i 1994 var det berre 150–200 par igjen.

I 2010 vurderte ei ekspertgruppe at den norske bestanden har tatt seg noko opp og er mellom 250-500 individ.
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.10.2012
Sist oppdatert: 26.10.2012