Hopp til innhold
 Flaggspett. Foto: Leo-Avalon, flickr.com
Flaggspett. Foto: Leo-Avalon, flickr.com
X
Innhald

Flaggspett

Flaggspett, Dendrocopos major, er ein 26 cm stor hakkespett med kvit underside og svart rygg med to store, kvite flekkar. Han hakkar ut reirhol i lauvtre. Flaggspetten lever av frø frå kongler som han festar i bark- eller tresprekkar, såkalla «spettesmier», før han hakkar ut frøa.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.10.2012
Sist oppdatert: 29.10.2012