Hopp til innhold

 Blåmeis. Foto: Harald Karlsen, flickr.com
Blåmeis. Foto: Harald Karlsen, flickr.com
X
Innhald

Fugl

Fuglar, Aves, er varmblodige virveldyr som legg egg. 

I alt finst om lag 9000 artar fordelte på omkring 30 ordenar. 

I Noreg hekkar om lag 240 artar, medan 100–150 artar opptrer tilfeldig. Det skjer likevel stadig forandringar både i talet på hekkande artar og utbreiinga deira. Berre sidan 1990 er fire artar, dvergterne, pungmeis, skjeggmeis og austsongar, funne hekkande for første gong i Noreg, medan andre har forsvunne som hekkefuglar, for eksempel rapphøne, topplerke og kornsporv. Frå slutten av 1980-åra har vi hatt ei rekkje milde vintrar som har ført til ein markert auke i talet på småfuglar som er ømfintlege for vintertemperaturen.
 
Fuglane nedstammar frå urfuglen, Archaeopteryx, som var ei springøgle med fjørkledde framlemer. Fuglane har varmeisolerande fjørkledning og skjelett med holrom. Vengene, svingfjørene, er omdanna framlemer. Kjeven er trekt ut i ei nebbform, men han manglar tenner.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.10.2012
Sist oppdatert: 18.06.2019