Hopp til innhold
 Gribb. Foto: gwendolen, flickr.com
Gribb. Foto: gwendolen, flickr.com
X
Innhald

Gribb

Gribbar omfattar to grupper store rovfuglar. Dei er vestgribb i Amerika og austgribb i Europa, Asia og Afrika. Dei manglar ofte fjør på hovud og hals. Alle er store fuglar og gode flygarar. Vestgribb omfattar kondorane, som er dei største fuglane som kan flyge. Somme av austgribbane er nesten like store og kan ha eit vengespenn på 2,5 m.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.10.2012
Sist oppdatert: 29.10.2012