Hopp til innhold

 Foto: Vitaly Khustochka, flickr.com
Foto: Vitaly Khustochka, flickr.com
X
Innhald

Havørn

Havørn, Haliaeetus albicilla, er 1 m stor. Med eit vengespenn på 2–2,6 m er ho vår største rovfugl. 

Havørna held til langs kysten og hekkar svært sparsamt frå Sogn og Fjordane og nordover. Bestanden har auka jamt sidan 1970 og vart i 2000 berekna til om lag 2000 par. I 2014 auka estimert bestand til 2800–4200 par. Det utgjer opptil 50 % av den samla bestanden i Europa. Havørn er registrert så langt sør som til Rogaland.
 
Fuglane held saman i livsvarig samliv og er svært stadbundne. Vaksne fuglar er standfuglar, dei yngre kan streife ganske vidt omkring.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2012
Sist oppdatert: 18.06.2019