Hopp til innhold

 Foto: extra_heavy, flickr.com
Foto: extra_heavy, flickr.com
X
Innhald

Hettemåke

Hettemåke, Larus ridibundus, er ein 40 cm stor måke. Nebb og bein er raude. Han hekkar i koloniar ved både fersk- og saltvatn. Størsteparten av fuglane finn vi ved Oslofjorden, Jæren og i Trøndelag. Hettemåkane har spreidd seg kraftig dei seinare åra, og dei hekkar no fleire steder nord til Finnmark.
 
Hettemåken er ein trekkfugl som kjem i mars–april og dreg i august–oktober. Mange individ overvintrar, og ein kan ofte sjå dei i hamnebassenga.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2012
Sist oppdatert: 05.11.2012