Hopp til innhold
 Fasan. Foto: Paul Fenton, flickr.com
Fasan. Foto: Paul Fenton, flickr.com
X
Innhald

Hønsefuglar

Hønsefuglar, Galliformes, er ein orden av fuglar med i alt om lag 263 artar. Dei finst over det meste av jorda. Hønsefuglane er planteetarar. Dei viktigaste familiane er skoghønsfamilien, Tetraonidae, og fasanfamilien, Phasianidae. Til skoghønsfamilien høyrer storfugl, orrfugl, jerpe, fjellrype og lirype. Til fasanfamilien høyrer tamhøns, rapphøns, fasan og vaktel.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2012
Sist oppdatert: 05.11.2012