Hopp til innhold
X
Innhald

Hubro

Hubro, Bubo bubo, er den største av uglene. Hubroen er utrydda i store delar av Europa.

Hubro, Bubo bubo, er den største av uglene. Hannen er om lag 65 cm stor, hoa 5–10 cm større. Hannane veg rundt 2,5 kg, hoene 3 kg. Fuglane har eit vengefang på 1,5–1,8 m. Dei har lange fjørører.
 
Hubroen hekkar i ulendte område med bratte berg i fjellskogar og langs kysten. Han er trufast mot revira sine og aktiv om natta. På 1800-talet var hubroen ein vanleg hekkefugl i mange skogområde, men no er han mindre talrik. Hubroen er utrydda i fleire europeiske land.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.11.2012
Sist oppdatert: 14.11.2012