Hopp til innhold

 Kanadagås. Foto: David Hofmann, flickr.com
Kanadagås. Foto: David Hofmann, flickr.com
X
Innhald

Kanadagås

Kanadagås, Branta canadensis, er 1 m stor. Ho er den største gåsa i Europa. Fuglar som anten har rømt eller vortne sette ut, hekkar langs kysten og i fuktige område i Noreg. Den norske bestanden har auka mykje dei siste 35 åra. Mest talrik er arten i Trøndelag og Nordmøre, på Austlandet og Sør-Hordaland. Kanadagåsa overvintrar ved ope vatn.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.11.2012
Sist oppdatert: 06.11.2012