Hopp til innhold
 Knoppsvane. Foto: njuTIK@, flickr.com
Knoppsvane. Foto: njuTIK@, flickr.com
X
Innhald

Knoppsvane

Knoppsvane, Cygnus olor, er ein 1,5 m stor andefugl. Ho sym med S-forma hals og nebbet retta nedover. Knoppsvana er ein sjeldan hekkefugl ved næringsrike ferskvatn med mykje vegetasjon i Sør-Noreg. Talet har auka sidan 1970, og det fanst om lag 500 par i 1995. Knoppsvana er ein trekkfugl som overvintrar langs sørkysten av Skandinavia og ved kystane av Nordsjøen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.11.2012
Sist oppdatert: 06.11.2012