Hopp til innhold

 Kongeørn. Foto: Giorgio Quattrone, flickr.com
Kongeørn. Foto: Giorgio Quattrone, flickr.com
X
Innhald

Kongeørn

Kongeørn, Aquila chrysaetos, er ein 90 cm stor rovfugl med vengespenn på rundt 2 m. Ho er utbreidd på den nordlege halvkula. I Noreg hekkar ho oftast i høgareliggjande barskogar i aude område frå Agder til Finnmark. I 1994 vart den norske bestanden rekna å vere nær 1000 par. Kongeørna byggjer kvistreir. Dei vaksne fuglane er stasjonære, medan ungfuglane streifar meir omkring.
Artsdatabanken  anslår i 2011 at det finst om lag 2000 reproduserande individ av kongeørn i Noreg. For tida veks truleg bestanden både her til lands og i grannelanda. Kongeørna er difor ikkje lenger truga.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.11.2012
Sist oppdatert: 06.11.2012