Hopp til innhold
X
Innhald

Krossnebbar

Krossnebbar er finkefuglar av slekta Loxia. Det kraftige nebbet har kryssande nebbspissar og er tilpassa til å opne kongleskjel. Dei tre artane grankrossnebb, Loxia curvirostra, furukrossnebb, Loxia pytyopsittacus og bandkrossnebb, Loxia leucoptera, er alle utbreidde i Noreg. Fuglane hekkar om seinvinteren når konglene har mogne frø. Ungane toler godt låge temperaturar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.11.2012
Sist oppdatert: 06.11.2012