Hopp til innhold
 Horndykkar. Foto: Steve Garvie, flickr.com
Horndykkar. Foto: Steve Garvie, flickr.com
X
Innhald

Lappedykkarar

Lappedykkarar er ein orden av spesialiserte vassfuglar. I alt finst det 21 artar som alle høyrer til familien Podicipidae. Dei har tjukk fjørdrakt og symjelappar på dei tre framtærne. Lappedykkarar er utbreidde over heile verda. Dei hekkar ved ferskvatn, der dei ofte byggjer flytereir festa til strandvegetasjonen. I Noreg hekkar toppdykkar, horndykkar og dvergdykkar, medan gråstrupedykkar overvintrar vanleg langs kysten.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.11.2012
Sist oppdatert: 07.11.2012