Hopp til innhold
 Lomvi. Foto: Julian Black, flickr.com
Lomvi. Foto: Julian Black, flickr.com
X
Innhald

Lomvi

Lomvi, Uria aalge, er ein 45 cm stor alkefugl. Han hekkar i store koloniar i bratte fjell langs kysten frå Utsira og nordover. Mest talrik er han i Troms og Finnmark. Bestanden har minka kraftig sidan 1960-åra på grunn av oljesøl og matmangel. Om hausten dreg mange ungfuglar nordover medan dei eldre helst trekkjer sørover langs kysten.

Bestanden av lomvi på fastlands-Noreg har vore dramatisk redusert. Forskarane reknar med at bestanden i Norskehavet er redusert med 90 prosent dei siste tretti åra. I 2006 bar bestanden rekna til å vere mellom 10 000 og 22 000 individ. På Bjørnøya er bestanden halvert sidan 1986.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.11.2012
Sist oppdatert: 07.11.2012