Hopp til innhold
X
Innhald

Moafuglar

Moafuglar er ein utdødd familie av store fuglar frå New Zealand. Ingen av dei 19 artane kunne flyge. Dei fleste artane vart utrydda på 1600-talet, den siste truleg på 1800-talet. Kjempemoaen var minst 3 m høg. Moafuglane var ei viktig næringskjelde for dei innfødde.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.11.2012
Sist oppdatert: 07.11.2012