Hopp til innhold
 foto: Robin Horn, flickr.com
foto: Robin Horn, flickr.com
X
Innhald

Myrhauk

Myrhauk, Circus cyaneus, er ein om lag 50 cm stor rovfugl med lange venger og hale. Han hekkar på vidstrekte myrområde i bjørkebeltet, særleg på Fokstumyra på Dovrefjell. Han byggjer reir på bakken. Myrhauken er ein trekkfugl som kjem til Noreg i mars–april og dreg til Sørvest-Europa i september–oktober.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.11.2012
Sist oppdatert: 07.11.2012