
Myrsnipe. Foto: Jose Sousa, flickr.com
Innhald
Myrsnipe
Myrsnipe, Calidris alpina, er ein 20 cm vadefugl. Ho hekkar fåtalig på strandenger, myrar og lyngmarker langs heile kysten og i bjørke- og vierbeltet i Sør-Noreg. Ho byggjer reir på bakken. Myrsnipa er ein trekkfugl som kjem til Noreg i mars–april og forlèt landet i august–oktober. Enkelte individ overvintrar langs norskekysten nord til Møre. Bestanden har gått kraftig tilbake dei siste åra.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Først publisert: 07.11.2012
Sist oppdatert: 07.11.2012
Sist oppdatert: 07.11.2012