Hopp til innhold

 Havørn. Foto: Vitaly Khustochka, flickr.com
Havørn. Foto: Vitaly Khustochka, flickr.com
X
Innhald

Ørn

Ørnar er rovfuglar, og dei fleste er kraftige og majestetiske. Dei vert ofte delte inn i fire grupper. Den eine er hav- og elveørnar. Dei lever av fisk og er utbreidde over heile verda. Den andre gruppa er artar som et slangar. Dei er utbreidde i Afrika og Asia. Den tredje gruppa er ekte ørnar med fjørkledd tars ned til tærne. Dei er utbreidde over heile verda. Den fjerde gruppa er ei lite definert gruppe av svært store artar kalla harpygruppa. Dei er vesentleg utbreidde i Sør-Amerika. Sjølv om artane ikkje er nært i slekt, har dei mange fellestrekk. Ørnane byggjer store kvistreir.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.11.2012
Sist oppdatert: 16.11.2012