Hopp til innhold
 Ornitolog Johnny R. Pedersen, foto: Naturvernforbundet, flickr.com
Ornitolog Johnny R. Pedersen, foto: Naturvernforbundet, flickr.com
X
Innhald

Ornitologi

Ornitologi, av gresk ornis, fugl, er læra om fuglane. Vi kjenner i dag om lag 9000 artar fuglar. Til og med 2004 hadde ein funne at 471 av desse fanst spontant i Noreg, inklusive Svalbard og Jan Mayen. Av desse igjen har ein påvist at 242 hekka på Fastlands-Noreg i det 20. hundreåret. I tillegg kjem 14 artar som er funne hekkande på Svalbard og Jan Mayen.
 
Norsk ornitologisk forening vart stifta i 1957. Ho er eit viktig høyringsorgan ved naturmiljøproblem. Foreininga gir ut tidsskrifta Vår fuglefauna, Fuglevennen, Ornis Norvegica, tidlegare Cinclus, Ringmerkaren og ei rekkje rapportar og lokaltidsskrift.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 09.11.2012
Sist oppdatert: 09.11.2012